Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Betre oversikt over skredfaren i Haram

Del

Haram kommune i Møre og Romsdal får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at ingen bustadar ligg innanfor 1/100-faresona, medan 22 bustadar ligg innanfor 1/1000-faresona.

NVE overleverer karta til Haram kommune 9. oktober.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier regionsjef Brigt Samdal.

Det er utarbeidd faresonekart for Brattvåg, Søvik, Hamnsund, Grytastranda, Vatne, og Lunheim - Øytun.

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. I dei kartlagde områda i Haram kommune er steinsprang den skredtypen som utgjer størst fare for eksisterande busetnad. For nokre område utgjer og sørpe- og snøskred fare for busetnadane.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Les rapport frå kartlegginga

Sjå digitalt kart med faresonene


Kontaktpersonar

Regionsjef Brigt Samdal, tlf. 907 48 238
Geolog Yngve Midtun, tlf. 22 95 95 32
Senioringeniør Ole-Jakob Sande, tlf. 22 95 95 45

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom