Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Betre oversikt over skredfare i Lom, Skjåk og Vågå

Del

Kommunane Lom, Skjåk og Vågå får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta syner at samla ligg det 23 bygg innanfor 100-års faresonene, og over 400 bygg ligg innanfor 1000-års faresonene.

Karta vart overlevert til Skjåk kommune 28.september, og Lom og Vågå kommune 2.oktober 2018.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunane eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier fungerande regionsjef Paul Christian Røhr.

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred.

I Lom er det utarbeidd faresonekart for områda Borgen-Åmillom, Galdesand, Gaupar, Grjotheim, Nedre Bøverdalen, Norstnes-Knutstugu, Skjærve og Øvergrende og Stronde. Områda som er kartlagt i Skjåk er Gjøingslii, Lykre-Skei og Solsida, og i Vågå kommune er områda Kvennbergvegen, Kveom, Lalm, Tessand og Vågåmo kartlagt. I dei kartlagde områda i Lom kommune er det snøskred og steinsprang som er den mest største utfordringa i omsyn til busetnad. I Skjåk og Vågå er det flaum- og jordskred, samt steinsprang som utgjer størst fare.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Kontaktpersonar

Fungerande regionsjef Paul Christian Røhr, mobil: 94507313

Senioringeniør Kristin Hasle Haslestad, telefon: 22959685

Geolog Jaran Wasrud, telefon: 22959705

Link rapport: http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2018/eksternrapport2018_07.pdf

Link digitale faresoner:

Lom: https://gis3.nve.no/link/?p=57a69ab3-0f3e-2623-648e-5c64c7aa3f57

Vågå: https://gis3.nve.no/link/?p=9c4dc53b-3a48-55fc-36cc-b672c69da135

Skjåk: https://gis3.nve.no/link/?p=97c27f53-0c61-e04b-c1d4-b461938e9562

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom