Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Betre oversikt over skredfare i Eidfjord, Granvin og Ulvik

Del

Eidfjord, Granvin og Ulvik får no betre og meir presise kart over skredfare i utvalde område med busetnad

Karta blir overlevert til Eidfjord kommune 24. september og Granvin kommune den 25. september.

Ulvik kommune blei også kartlagt i forbindelse med dette prosjektet, dette kartet er allereie overlevert til Ulvik kommune. 

Områda som er kartlagt for Eidfjord:

Øvre Eidfjord, Eidfjord, Simadalen

Områda kartlagt for Granvin:

Øvre Granvin, Holven-Hausnes, Eide, Folkedal, Kvanndal, Hamre

I kartlagde områder i Eidfjord, Ulvik og Granvin kommune er snøskred og steinsprang dei skredtypane som i dei fleste områda utgjer størst fare for eksisterande busetnad. For somme områder utgjer også sørpe- og flomskredfare fare for busetnad, og i mindre grad utgjer jordskred fare for busetnad.

Kartlegginga omfattar snøskred, sørpeskred, steinsprang, steinskred, jordskred og flomskred.

Karta er enkle i bruk, slik kommunen raskt skal få oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er digitale, slik at kommunen og andre kan nytta resultata saman med andre kartdata.

Rapport om skredfarekartlegging i Eidfjord, Ulvik og Granvin:

http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2018/eksternrapport2018_05.pdf 

Kontaktpersonar: 

Brigt Samdal, Regionsjef, mobil: 907 48 238

Yngve Midtun, geolog, telefon, 229 59 532

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom