Samferdselsdepartementet

Betre og meir miljøvennlig ferjesamband i indre Sogn

Del
- Regjeringa ønsker ein meir fleksibel kvardag for folk og næringsliv i heile landet. No styrkar vi riksvegferjesambanda Mannheller-Fodnes og Hella-Vangsnes-Dragsvik i Sogn og Fjordane slik at det får betre løysing for reserveferje. Det skal vere på plass tidlegare enn i dag ved driftsbrot, for å sikre gode tilbod til ei kvar tid. Fartøya skal òg driftast på låg- eller nullutsleppsteknologi, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

No går nytt konkurransegrunnlag ut på anbud. Sambanda vil verta lyste ut i ein pakke, som i dag. Ny kontrakt tek til å gjelda frå 2020, for ein periode på 8 år. 

Fartøya skal driftast på låg- eller nullutsleppsteknologi. Det vert opna for gradvis innfasing av fartøy med ny teknologi. Miljø vert vekta med 30 prosent som tildelingskriterium for kontrakt, pris med 70 prosent. Den sterke vektinga av miljø trekkjer i retning av miljøvennlege løysingar.

Ferjesambanda har god kapasitet i dag, og det vert berre gjort framlegg om mindre endringar i tilbod. Dette gjeld i stor grad krav om at reserveferjefartøy skal vere på plass tidlegare enn i dag ved driftsbrot.

Sambandet Hella – Vangsnes – Dragsvik har sommarrute 3 månader i dag. Det vert no sommarrute minimum 5 månader. Sambandet vert lyst ut med to rutekombinasjonar, anten sommarrute heile året eller sommarrute 5 månader. Pris vil avgjera kva for alternativ som vil verta vald.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye