Grappa Musikkforlag ASGrappa Musikkforlag AS

Berit Opheim og Tore Brunborg er ute med stjernespekket plate

Del
Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane, frå venstre: Stein Urheim, Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim
Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane, frå venstre: Stein Urheim, Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim

Den fantastiske gjengen kjente og kjære musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. 

Hør albumet her

«Det er ei stor glede å presentere denne musikken som er gamal, kortreist musikk som etter vårt syn framleis står seg og talar til folk i dag» skriv Berit Opheim i omslagsteksten. «Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane. Dette er vår måte å ”ha vit pao eige tarv” - og arv.» 

 «Hildo» var namnet på kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang.  På albumet vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar tolka og omforma i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke. 

 Utgangspunktet for denne innspelinga er at Helge Skansen, tidlegare dagleg leiar ved Riksscenen i Oslo kontakta den røynde jazzmusikaren, komponisten og saksofonisten Tore Brunborg om eit samarbeid med folkesongaren Berit Opheim, båe med røter på Voss. Tore og Berit ville gjerne ha med seg gitarist Stein Urheim, bassist Steinar Raknes og trommeslagar Kåre Opheim. Prosjektet hadde première på Vossa Jazz 2018, og vart bestilt av Riksscenen og festivalen. For konserten på Voss vart prosjektet nominert til Kritikerprisen for musikk i 2018.

Kontakter

Frøydis Ruud


froydis@grappa.no


+47 924 62 924

Bilder

Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane, frå venstre: Stein Urheim, Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim
Uttrykket i Hildo er ei blanding av musikkuttrykk frå alle dei fem musikarane, frå venstre: Stein Urheim, Tore Brunborg, Berit Opheim, Steinar Raknes og Kåre Opheim
Last ned bilde
Hildo tar utgangspunkt i ulike folketoner og slåttar frå Voss, Sogn og Hardanger.
Hildo tar utgangspunkt i ulike folketoner og slåttar frå Voss, Sogn og Hardanger.
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye