Samferdselsdepartementet

Ber Statens vegvesen vurdere billigare utbygging av E6 gjennom Gudbrandsdalen

Del
- Det er viktig å bygge ut nye motorvegstrekningar for betre framkome og styrking av trafikktryggleiken. Samstundes er vi opptatt av å få mest mogleg veg for pengane. Innspel frå Statens vegvesen og Nye Veier AS tidligare i år viste at det er mogleg å redusere kostnadane med så mykje som 30 prosent i utbygginga av E6 Ringebu-Otta. No ber vi Statens vegvesen om å vurdere desse innspela og kome med ei tilråding om vidare framdrift, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Prosjektet E6 Ringebu-Otta etappe 2 er prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029 (NTP), men ikkje fullfinansiert. Prosjektet har opplevd ein sterk kostnadsauke, med over dobling av kostnadsanslaget på ein strekning. Etter oppdrag frå Samferdselsdepartementet viste både Statens vegvesen og Nye Veier AS at det er mogleg å finne ulike løysningar som gjer vegen billigare å bygge.

No skal Statens vegvesen sjå på desse alternativa og kome med ei tilråding om vidare prosess for planlegginga av prosjektet. I innspela frå både Statens vegvesen og Nye Veier, blir tidleg involvering av entreprenørane trekt fram som eit viktig element for å få ned kostnadane.

- Nye Veier AS har i sine prosjekt så langt vist at tidleg involvering av entreprenørane gir moglegheit for å redusere kostnadane på vegutbygging betydeleg. I tillegg meiner selskapet at metodikken gir raskare ferdigstilling, redusert konfliktnivå og meir føreseieleg sluttkostnad, utan å redusere kvaliteten og den samfunnsøkonomiske nytten, seier Solvik-Olsen.

Prioriteringa i NTP skal gi nok tid for Statens vegvesen til å sjå på moglegheitene for å optimalisere prosjektet. Tilrådinga skal vere klar innan 6. april 2018.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye