Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Avslag til tre småkraftprosjekt i Hedmark

2.11.2015 08:51 | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Del

NVE gjev ikkje konsesjon til Renåa kraftverk i Rendalen kommune, Deia kraftverk i Åmot kommune og Hira kraftverk i Stor-Elvdal kommune.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar ved ei utbygging  av desse tre prosjekta. NVE meiner at dei planlagde utbyggingane er i strid med OED sine retningslinjer, og ikkje akseptable i høve til ålmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE ikkje løyve til prosjekta.


Renåa kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2 MW, og ein årleg produksjon på 6,1 GWh. Tiltaket ville ha vore i konflikt med førekomstar av truga artar i fleire kategoriar, samt ein omsynskrevjande naturtype av høg verdi. Ei utbygging vil etter NVE si meining påverka naturtypen og raudlisteartane klårt negativt.


Deia kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 5,3 MW, og ein årleg produksjon på 12,8 GWh. Tiltaket er vurdert å kome i konflikt med Forsvarets interesser, og ville kunne ha lagt avgrensingar på Forsvarets noverande og framtidige bruk av området. NVE merker seg òg at tiltaket truleg ville ha påverka ei bekkekløft av høg verdi. NVE har ikkje vurdert dette nærare, men ser at førekomsten ville ha gjort ei realisering av tiltaket ytterligare komplisert.


Hira kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 0,7 MW, og ein årleg produksjon på omlag 3,7 GWh. Kraftverket var planlagt i eit sidevassdrag til Atna, som er verna. Verneverdiane i vassdraget er knytt til geologiske og biologiske prosessar, samt at vassdraget er lite påverka av kraftutbyggingar og kan sjåast på som eit viktig referansevassdrag for fleire fagfelt. Inngrep i form av kraftutbygging vil etter NVE si vurdering påverke desse verneverdiane negativt.


NVE har vurdert om miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta kan redusere konfliktane med ålmenne interesser. Etter NVE si vurdering vil aktuelle  tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverka. Dei resterande tre småkraftprosjekta av dei seks nord i Hedmark som var til samstundes offentleg høyring, vil bli avgjort i løpet av hausten.


Les meir om kraftverka:


Renåa kraftverk

Hira kraftverk

Deia kraftverk


Kontaktpersonar Renåa og Deia kraftverk:
Sakshandsamar Rune Moe, tlf. 22 95 93 15
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89



Kontaktpersonar Hira kraftverk:
Avdelingsingeniør Rune Moe, tlf. 22 95 93 15
Seksjonssjef Gry Berg, tlf 22 95 92 20

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom