Innovasjon Norge

Alde sider får bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Del
Olav Bleie er eplebonden frå Hardanger som droppet doktorgradstudiane for å løfte slektsgarden inn i ei ny tid som siderprodusent. Alde sider hatt ein eventyrleg utvikling, og er i dag Vinmonopolet sin mestseljande sider i 1. halvår 2018. I dag blir Olav Bleie, mannen bak suksessen til Alde sider, heidra med bedriftsutiklingsprisen i landbruket i Hordaland.
Ein suksessrik siderbonde frå Hardanger. Foto: Pernille Sommer
Ein suksessrik siderbonde frå Hardanger. Foto: Pernille Sommer

-Denne prisen betyr utroleg mykje for meg, både som ein anerkjenning av det arbeidet som allereie er lagt ned i produksjonen, men også som ein motivasjon for det videre arbeidet, seier Olav Bleie om prisen.

-Olav Bleie har stått sentralt i arbeidet for å bygge opp Hardanger til ein sider-destinasjon. Dette er med på å styrke reiselivprofilen til Hardanger med rein mat, flott natur og lokaltilpassa særeigne opplevingar.  Vi er stolte over vårt samarbeid med Olav Bleie, og meiner satsinga hans er eit godt føredøme for andre som vil satse innan mat og reiseliv. Sider er ikkje lenger ein nisjeproduksjon men skaper reelle og betydelege verdiar i regionen, seier Nina Broch Mathisen, leiar av Innovasjon Noreg Vestland.

Siderproduksjon med gamle røter
Garden Bleie ligg uvanleg vakkert til ved Sørfjorden,  to mil frå Odda, midt mellom høge fjell fossande elver og blomstrande frukthagar. Heilt frå munkane tilbake på 1200-talet innførte fruktdyrkinga i Hardanger, har siderproduksjon vore viktig i regionen.  Nye reglar for sal av sider har no ført til ei enorm utvikling i sidermarknaden, og i dag finn vi 13 siderprodusentar med profesjonelt løyve i Hardanger. 

Topp score i Aftenposten
Frå oppstarten i 2015 med 2000 liter sider, har Olav Bleie hatt ein formidabel vekst i produksjon og omsetning. Hittil i år har han selt 50 000 liter sider, og i 2019 vert dette auka til 75 000 liter. Aftenposten har gjeve Alde sider topp score, og sideren vert servert på dei aller beste Oslo-restaurantane. Det aller meste av omsetninga går via Vinmonopolet, men Olav Bleie sel og 5-10 000 liter sider direkte frå garden.  Etterspurnaden er upåklageleg, og i periodar av året går verksemda tom for varer.  Verksemda sysselset førebels fire årsverk.

Dagens Næringsliv karakteriserer Alde sider slik: -Dufter av eplemos med hint av gjær og gule steinfrukter. Delikat og fersk frukt med en fin eplekarakter og tørr samtidig fruktig utgang. Ren og fin.

Hardanger = sider
I tillegg å vere ein dyktig fagmann, ivrar Olav Bleie for samarbeid, omdømmebygging og merkevareutvikling.  Han er engasjert og utadvendt og vert ofte brukt som foredragshaldar.

Olav Bleie seier sjølv: - Eg har eit mål, når du høyrer ordet Hardanger tenkjer du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider.  Då har me fått det te.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2019. 

Juryen har bestått av:

  • Ole-Andreas Smette, juryleiar og spesialrådgjevar i Innovasjon Norge
  • Lars Peter Thaule, Hordaland Bondelag
  • Jarle Helland, Hordaland bonde- og småbrukarlag
  • Åse Vaag, landbruksdirektør i Hordaland

Pressa er velkomen til prisutdelinga på Hardangerkonferansen, 14.11.2018 kl. 20 på Brakanes Hotel i Ulvik.

Kontakter

Kontaktpersonar:


Olav L. Bleie, mobil 48 00 79 66
Innovasjon Norge Vestland, v/Ole-Andreas Smette, mobil 930 27 842

Bilder

Ein suksessrik siderbonde frå Hardanger. Foto: Pernille Sommer
Ein suksessrik siderbonde frå Hardanger. Foto: Pernille Sommer
Last ned bilde
Fot: Pernille Sommer
Fot: Pernille Sommer
Last ned bilde
Alde sider er nå polets mestseljande sider Foto: Øystein Haara
Alde sider er nå polets mestseljande sider Foto: Øystein Haara
Last ned bilde

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Akersgata 13
0104 Oslo

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål. 

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Innovasjon Norge støtter Beyonder med 75 millioner til batteriprosjekt14.3.2024 10:00:00 CET | Pressemelding

Beyonder i Rogaland mottar 75 millioner kroner i tilskudd til batteriprosjekt fra Innovasjon Norge. - Beyonder er et strålende eksempel på at Rogalandsgründere virkelig satser på verdiskaping og eksport i nye grønne verdikjeder, og styrker det som allerede er et svært interessant økosystem knyttet til energistyring, lading og elektrifisering i fylket vårt, sier Kari Holmefjord Vervik, regiondirektør i Innovasjon Norge.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye