Tilskotsordninga vart etablert i 2014 og er søknadsbasert. Alle fylkeskommunar og kommunar er inviterte til å søke. Statens vegvesen har motteke til saman 109 søknadar frå 59 søkarar. Totalt vil 58 tiltak no få tilskot.

For å få støtte må søkarane bidra med 50 prosent eigendel. Tilskotsmidla kan nyttast til mellom anna sykkelfelt, gang- og sykkelvegg, sykkelveg med fortau, fortau, utbetring av kryss og sykkelparkering. Eit viktig mål med ordninga er å auke fokuset og satsinga på sykling og gåing ute i landets fylkeskommunar og kommunar.

Dei som får tilskot vert kontakta av Statens vegvesen om kort tid.

Sjå oversikt over tilskotsmottakarane for 2019 (pdf).

Nøkkeltall for tildelinga (pdf).