Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

71 % klarte Statsborgarprøva i Sogn og Fjordane

Del
I 2018 bestod 71 prosent av kandidatane i Sogn og Fjordane Statsborgarprøva. Resultata for heile landet viser at 80 prosent av kandidatane bestod Statsborgarprøven i 2018. Dette er nesten helt likt som året før.

I løpet av 2018 var det totalt 6367 personar som tok Statsborgarprøva. Nokre personar har teke prøva meir enn éin gang, og det er variasjonar i resultata mellom fylka og kommunane (sjå tabell).

- Resultata på landsbasis held seg jamt over gode, seier Gina Lund, direktør i Kompetanse Noreg.

Digital kunnskapsprøve

Stortinget har bestemt at Statsborgarprøva er ei kunnskapsprøve som tek utgangspunkt i læreplanen for opplæring i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Prøva måler ikkje graden av integrering hos kandidatane.

Statsborgarprøva er digital og varer i 60 minutt. Kandidatane kan også få spørsmåla lest opp ved hjelp av ei lydfil. Prøva inneheld 32 oppgåver, og ein må svare riktig på 24 av spørsmåla for å få bestått.

For å få norsk statsborgarskap blei det frå 1. januar 2017 innført eit krav om å bestå ei prøve i samfunnskunnskap på norsk, eller å ta Statsborgarprøva på bokmål eller nynorsk.


Resultat Statsborgarprøva 2018, kommunar i Sogn og Fjordane

Kommunar med under 10 kandidatar visast ikkje av personvernomsyn. Berre dei kommunane som arrangert prøva er med i statistikken.

Kommune

Tal kandidatar

Prosentdel

bestått

Prosentdel

stryk

Flora

14

71 %

29 %

Høyanger

11

82 %

18 %

Førde

40

73 %

27 %

Bremanger

22

73 %

27 %

Vågsøy

10

70 %

30 %

Gloppen

16

69 %

31 %

Lærdal

13

85 %

15 %

Resultata på statsborgarprøva i 2018 fordelt på fylke

Fylke

Tal kandidatar

Prosentdel bestått

Prosentdel ikkje bestått

Akershus

690

85 %

15 %

Aust-Agder

91

78 %

22 %

Buskerud

374

84 %

16 %

Finnmark

205

73 %

27 %

Hedmark

201

84 %

16 %

Hordaland

456

83 %

17 %

Møre og Romsdal

229

79 %

21 %

Nordland

280

73 %

27 %

Oppland

154

76 %

24 %

Oslo

1095

81 %

19 %

Rogaland

624

80 %

20 %

Sogn og Fjordane

142

71 %

29 %

Telemark

491

82 %

18 %

Troms

202

78 %

22 %

Trøndelag

350

73 %

27 %

Vest-Agder

196

70 %

30 %

Vestfold

126

75 %

25 %

Østfold

461

83 %

17 %

Heile landet

6367

80 %

20 %

Meir informasjon

  • Pris på prøva blir bestemt av dei kommunale prøvestadane, men er basert på sjølvkostprinsippet. Prisen for å ta prøva finn ein ved å gå inn på privatistportalen.
  • For å førebu seg til prøva, finn kandidatane tekstar og filmar som dekker pensum til Statsborgarprøva (og samfunnskunnskapsprøva) på samfunnskunnskap.no. Dei kan også øve seg ved å ta eksempeloppgåvene til Statsborgarprøva som ligg på www.kompetansenorge.no/statsborgerproven.
  • UDI: Krav til norsk statsborgarskap, på UDIs nettsider.

Nøkkelord

Kontakter

Kontakt gjerne:


Kommunikasjonsrådgjevar Helena Sæter: helena.sater@kompetansenorge.no
Tlf. 93 43 33 02

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye