Kulturminnefondet

28 kulturminne i Rogaland får støtte frå Kulturminnefondet

Del
Kulturminnefondet delte i år ut over 100 millionar kroner i støtte til kulturminne over heile landet, og meir enn fem av desse gjekk til Rogaland.
Engøyholmen kystkultursenter har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet til taket på det eine sjøhuset. Nå er det andre tiltak på dette sjøhuset som skal gjerast. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Engøyholmen kystkultursenter har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet til taket på det eine sjøhuset. Nå er det andre tiltak på dette sjøhuset som skal gjerast. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)

I alt 28 prosjekt fekk 5,4 millionar til saman. Frå Rogaland kom det 61 søknadar på nesten 15 millionar kroner.

Gjennom dei siste åra har mengda søknadar til Kulturminnefondet auka mykje, og vi er med på å redde fleire kulturminne enn nokon gang over heile Norge.

- Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar, og vi arbeider heile tida med å forenkle prosessen med å søke. Den store auka i talet på søknadar tyder at vi er på rett veg i dette arbeidet, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Han er også glad for at Regjeringa har styrka Kulturminnefondet med auka løyvingar, som gjer det mogleg å støtta fleire gode tiltak over heile landet.

Laupande søknadsfrist

Tidlegare har Kulturminnefondet hatt ei årleg søknadsfrist, men det er det slutt på. Frå 2019 blir det laupande søknadsfrist, og private eigarar av verneverdige kulturminne kan søke om støtte kva tid som helst.

Allereie nå er det mogleg å sende inn ein søknad for 2019, men ingen vedtak blir gjort før vi skriv 2019.

Desse prosjekta i Rogaland fekk støtte i år:

Prosjektnamn, søkjarnamn, kommune, tilsegnsbeløp

  • Jugendhuset B205 i Haugesund, Lillian Hollund-Møllerhaug, Haugesund, 210.000
  • Flådå sauehus , Arthur Kjetil Sandvik, Hjelmeland, 400.000
  • Løa på Bekkelund Gård, Andreas N. Winnem, Stavanger, 160.000
  • Tilbakeføring av fasade, Geir Apeland, Stavanger, 135.000
  • Risøytunet, Aibel AS, Haugesund, 206.000
  • Håkon Jarls gate 21, Knut Børre Vatsvåg, Stavanger, 340.000
  • Engøyholmen- sjøhus, Engøyholmen Kystkukltursenter, Stavanger, 300.000
  • Bymisjonssenteret, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Rogaland, Haugesund, 300.000
  • Våningshuset på Langeland 1840, Hans Daniel Nygaard, Vindafjord, 270.000
  • Eiganesveien 56 - Holmeegenes, Hans Christian og Anja Næss, Stavanger, 184.000
  • Gamlehuset i Berget, Tomas Finnvik, Vindafjord, 130.000
  • Naust på Nedre Rossavik, Helge Nygård, Forsand, 200.000
  • Hus fra 1700-tallet, Britt Jorunn Øvrebø, Karmøy, 300.000
  • Sveitservilla fra 1910, Frank Skavland, Stavanger, 115.000
  • Paradis 5 - vinduer og ytterdører, Anders Aadnøy, Stavanger, 400.000
  • Eldhus/verksted Giljagarden 12 , Torgeir Gilje Lid, Gjesdal, 300.000
  • Mestergaarden - puss av nordvegg, John Sigmund Bjerga, Stavanger, 130.000
  • Åkrehamns eldste hus, Arne Ferkingstad, Karmøy, 77.000
  • Fra bedehus til kulturhus, Pia Benedicte Noreger, Haugesund, 220.000
  • Låve på Almeli, Skigelstrand, Erling Skigelstrand, Vindafjord, 330.000
  • Litlemo, Kirsti Imhoff, Lund, 58.000
  • Hålandsdalen 83, Hilde Dagny Haga, Karmøy, 80.000
  • Sjablongmalt utsmykning, Gunhild Seim, Stavanger, 24.000
  • Flotmyrgata 189 Skifertak, Harald Hartvigsen, Haugesund, 194.000
  • Asmarvik, Sigmund Asmervik, Rennesøy, 20.000
  • Strandsitjarhuset i Bjørnevåg, Dagfinn Foldøy, Suldal, 82.000
  • Stabbur i byen, Annemette O. Ernst, Stavanger, 160.000
  • Strandgaten 148, Dagfinn Bjelland, Haugesund, 84.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Engøyholmen kystkultursenter har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet til taket på det eine sjøhuset. Nå er det andre tiltak på dette sjøhuset som skal gjerast. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Engøyholmen kystkultursenter har tidlegare fått støtte frå Kulturminnefondet til taket på det eine sjøhuset. Nå er det andre tiltak på dette sjøhuset som skal gjerast. (Foto: Linda C. Herud/Kulturminnefondet)
Last ned bilde

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er en statlig tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner og kulturmiljøer. Tilskuddsordningen skal bidra til å øke innsatsen fra eiere og næringsliv for å ta vare på kulturminner, og til bevaring og bruk av kulturminner og kulturmiljøer for opplevelse, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Det er styret i Kulturminnefondet som forvalter midlene, og treffer vedtak om tildeling av tilskudd.

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye