Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

22 ustabile fjellparti fare- og risikoklassifisert – Joasetbergi i Aurland får kontinuerleg overvaking

Del

I ein ny rapport offentliggjer NVE resultata frå kartlegginga av 22 ustabile fjellparti. I tillegg til resultata frå kartlegginga inneheld rapporten også NVEs forslag til oppfølgjande tiltak for det enkelte fjellpartiet.

– Sjølv om det er mange område som er med i kartlegginga, viser det seg at det berre er nokre få fjellparti som treng oppfølging, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE. Han legg til  at dei fjellpartia med størst fare og konsekvensar er i Troms, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Eit nytt fjell med kontinuerleg overvaking

- Kartlegginga har avdekka at Joasetbergi i Aurland i Sogn og Fjordane skal ha kontinuerleg overvaking. NVE har allereie eit målesystem på plass som måler om det er rørsle i fjellpartiet. Ei vidare utbygging av overvakinga er planlagt og vil bli etablert i 2016. Joasetbergi blir dermed definert som eit høgrisikoobjekt som NVE skal overvaka kontinuerleg for å kunne varsle fare for fjellskred. Dette gjer vi for å gjera det trygt for folk som bur og oppheld seg nær dette fjellpartiet, seier Blikra.

I slutten av august vart det klart at Gamanjunni 3 i Kåfjord i Troms får kontinuerleg overvaking.

Elleve av dei klassifiserte fjella vil bli følgt opp med periodiske målingar. Nokre også gjennom analysar av utløp og flodbølgjer. Oppfølginga vil bli gjort i tett dialog mellom NVE og dei aktuelle kommunane. Når det gjeld dei resterande ni av dei 22 fjellpartia som er omtalt i rapporten, legg ein ikkje opp til målingar, men det kan blir naudsynt med restriksjonar på arealbruk.

NVE har ansvar for den statlige kartlegginga av skredfarlige område i Noreg. Eitt av ansvarsområda er kartlegging av ustabile fjellparti med fare for store fjellskred. Ustabile fjellparti er kartlagt av NGU i fleire fylke. Det er den første fasen av fare- og risikoklassifiseringa som no er ferdig. Kartlegginga og fare- og risikoklassifiseringa gjev grunnlag for å vurdere tiltak i form av overvaking med sikte på å kunne varsle et kommande fjellskred og dermed unngå tap av liv. Kartlegginga gjev viktig informasjon om faregraden som grunnlag for arealplanlegging.

Dokument og databasar som dokumenterer kartlegging og oppfølging

• NVE Rapport 77/2016. Fare- og risikoklassifisering av ustabile fjellsider – Faresoner, arealhåndtering og tiltak
• NVEs database om faresonar
• NGUs database med dokumentasjon av geologiske data

Kontaktpersonar
Lars Harald Blikra, Seksjonssjef, Seksjon for fjellskred tlf.: 464 11 148
Brigt Samdal, Regionsjef Region Vest tlf.: 907 48 238
Knut Hoseth, Regionsjef Region Nord tlf.: 971 65 337
NVE pressetelefon: 489 97 667

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom