Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

22. oktober: NVE opprettheld raudt farenivå for Veslemannen  

Del
Bevegelsane er noko reduserte, men framleis høge

- Hastigheita er no omlag 15 cm/døgn i øvre del av området, og 2-3 cm/døgn i nedre del av området, seier vakthavande geolog Ingrid Skrede.

Laurdagskveld heva NVE farenivået for Veslemannen til raudt, med bakgrunn i vêrvarsel om mykje regn, og at fjellpartiet er svært sensitivt for vasstilførsel. Søndagsmorgon auka hastigheitene ved fjellpartiet som følgje av mykje regn.

- Utover ettermiddagen blei det kaldare og nedbøren har komme som snø sidan. Dette har ført til noko reduserte bevegelsar sidan det kjem mindre vatn til området, seier Skrede.

Dette gir også meir usikkerheit i måledata.

Sidan det framleis er høge bevegelsar og noko usikkerheit i måledata opprettheld NVE raudt farenivå.

Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktivt del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Medan dei årlege bevegelsane i Mannen (utanom Veslemannen) er nokre få cm i året, har den mest aktive delen av Veslemannen bevegd seg over 4,7 meter den siste månaden. Veslemannen har et volum på 120 000 - 180 000 m3, noko som utgjer rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen.

Her finn du dagsrapportar for Veslemannen.

Kontakt:

Vakthavende geolog: 474 55 454 (ikkje sms)
Pressetelefon: 489 97 667 (ikkje sms)

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye