Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

11. oktober kl. 17.30 - NVE opprettholder rødt farenivå for Veslemannen

Del

Bevegelsane er framleis høge, og det går jamnleg mindre steinsprang.

I går kveld og i natt var det store bevegelsar, og det gjekk fleire steinsprang frå fjellpartiet. Det største gjekk frå midtre del av fjellpartiet, klokka 22:18. Etter dette har hastigheitene blitt noko redusert, men dei er framleis høge, seier geolog Ingrid Skrede.

I øvre del er det registrert bevegelse på 73 cm det siste døgnet, og hastigheitene er no 62 cm/døgn. I frontpartiet er det registrert bevegelse på 2-5 cm det siste døgnet, og hastigheita er no mellom 1,5-2,5 cm/døgn.

Det blir jamnleg registrert små steinsprang frå fjellpartiet.

Temperaturen har auka dei siste timane, og er no 9,8 grader. Sidan det framleis er snø i fjellet medfører dette snøsmelting, og vatn blir tilført fjellpartiet.

Sidan det er meldt plussgrader dei neste dagane, og regn laurdag og søndag, forventer NVE at fjellpartiet vil ha høge bevegelsar framover.

Det er framleis rødt farenivå.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom