Fiskebåt

- Gler oss til å samarbeide med Nesvik som fiskeriminister

Del
- Harald Tom Nesvik (52) har god kjennskap til fiskerinæringa. Vi ser fram til å samarbeide med han framover som fiskeriminister, seier Jonny Berfjord, styreleiar i Fiskebåt.
Jonny Berfjord, styreleiar i Fiskebåt (Foto: Fiskebåt).
Jonny Berfjord, styreleiar i Fiskebåt (Foto: Fiskebåt).

Harald Tom Nesvik jobbar i brønnbåtselskapet Sølvtrans. Frå tidlegare har han til saman 20 år bak seg på Stortinget. I sine fem periodar som stortingsrepresentant, har han mellom anna vore nesteleiar i næringskomiteen frå 2009 til 2013. Han har vore parlamentarisk leiar for Framstegspartiet frå 2013 til han avslutta stortingskarrieren etter valet i fjor.

- Nesvik har gjennom fleire år hatt stor interesse for fiskerinæringa. Han har markert seg tydeleg som næringspolitikar gjennom fleire år. I tillegg til at han har solid politisk erfaring frå Stortinget, har han vore flittig til å delta i møte med fiskerinæringa. Han har difor alle forutsetningar for å bli ein god fiskeriminister for heile landet, seier Berfjord.

Per Sandberg valte å trekke seg som fiskeriminister etter all støyen etter at han var på ferie i Iran. Sandberg har vore fiskeriminister sidan desember 2015.

- Sandberg har vore ein engasjert, uredd og kunnskapsrik fiskeriminister. Men slik saka rundt Iran-turen utvikla seg, var det ikkje lenger mogleg for Sandberg å halde fram som statsråd, seier Berfjord.

Kontakter

Bilder

Jonny Berfjord, styreleiar i Fiskebåt (Foto: Fiskebåt).
Jonny Berfjord, styreleiar i Fiskebåt (Foto: Fiskebåt).
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye