Fiskebåt

- Dramatisk kutt i makrellkvota - ned 42 prosent

Del
- Fiskerinæringa kan ikkje godta eit så kraftig kutt i kvota. No bør kyststatane kreve ein ny gjennomgang og revisjon av metodane som ligg til grunn for rådet, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt – havfiskeflåtens organisasjon.
Foto: Paul-Gustav Remøy/Fiskebåt.
Foto: Paul-Gustav Remøy/Fiskebåt.

Det er det internasjonale havforskingsrådet ICES som i dag har lagt fram sine råd for makrellkvotane for 2019. For 2018 var ICES sitt råd at det er forsvarleg å fiske opptil 550 948 tonn makrell, ein nedgang frå året før. Kvoterådet for 2019 er sett til 318. 403 tonn. Dette er ned 42 prosent samanlikna med rådet for 2018.

Den kraftige nedgangen i gytebestanden har ikkje noko truverd. Inntil rådgivinga og metodikken er kvalitetssikra bør kyststatane fastsette ei kvote basert på dei siste års rådgiving, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskbåt.

Har bedt om stans

Fiskebåt, i lag med dei andre næringsorganisasjonane, har nyleg sendt eit brev til Havforskingsinstituttet, der det blir bedt om at ein ser bort frå kvoterådet for 2019, då usikkerheita er så stor. Dette blir til ein viss grad imøtekome frå havforskarane.

Dette er positive signal frå HI, meiner Maråk.

- Eg noterer at også HI kommenterer usikkerheita i kvoterådet, og indikerer at bestanden har eit høgare bestandsnivå enn det som blir lagt til grunn i ICES si tilråding. Eg kan ikkje hugse at HI nokon gong tidlegare har distansert seg frå rådgivinga på ein så klar måte, seier Maråk.

Kontakter

Bilder

Foto: Paul-Gustav Remøy/Fiskebåt.
Foto: Paul-Gustav Remøy/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye