Brannøving i E39 Skrikebergtunnelen
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Gulen og Masfjorden Brann og Redning, brannvernøving i Skrikebergtunnelen tysdag 14. mai.
Øvinga varar frå klokka 18.30 til 20.00.
Tunnelen blir i denne perioden stengd for trafikk. Unnatak er for utrykkingskøyretøy og buss i rute.
I tillegg blir det kolonnekøyring med ledebil ein periode før og etter øvinga, i samband med rigging og nedrigging.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Ove Edgar Amundsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.
– Respekter ledebilen
Det hender frå tid til anna at det skjer ulukker i samband med kolonnekøyring.
– Respekter ledebilen, og ikkje forsøk å ta snarvegar med å køyra utanom kolonnen. Det kan skapa farlege situasjonar for både deg sjølv og dine medtrafikantar. Å ferdast i trafikken er eit samspel, ikkje eit sololøp, legg Amudsen alvorleg til.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Amundsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Dette er tunnelen
Den 1.508 meter lange Skrikebergtunnelen på E39 ligg i Gulen kommune i Vestland, like sør for Sognefjorden og Oppedal ferjekai.
Tunnelen vart opna i 1990.
Han blir gjennomsnittleg trafikkert av 2.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 16 prosent, eller 320, lange køyretøy (tungtrafikk).
Kontakter
Ove Edgar AmundsenBrannvernleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41750782ove.amundsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Signerte kontrakt for Gjønnestunnelen16.5.2024 12:48:20 CEST | Pressemelding
I dag signerte Obrascòn Huarte Lain S.A (OHLA) kontrakten for bygging av Gjønnestunnelen i Bærum.
Ny utfartshelg: – Kjør mykt for å unngå kø og ulykker16.5.2024 08:31:14 CEST | Pressemelding
Mange raske feltskifter, kort avstand til bilen foran og harde nedbremsinger skaper kø og øker risikoen for alvorlig ulykker. Vi kan alle bidra til bedre fremkommelighet og økt sikkerhet på veien.
El-brøyting blir en del av konkurransen om mer klimavennlig vegdrift14.5.2024 11:59:51 CEST | Pressemelding
Elektriske kjøretøy kan brukes til brøyting uten at det er behov for flere kjøretøy eller at kvaliteten på brøytingen blir dårligere.
Bedre toalett og bobiltømming på Heia14.5.2024 08:26:38 CEST | Pressemelding
Rasteplass-toalettet som ble bygd ved E6 på Heia i Troms for seks år siden, har vært mye ute av drift. Nå har Statens vegvesen tatt grep.
Nå kan det bli redusert fremkommelighet i Giæverbukta10.5.2024 15:57:40 CEST | Pressemelding
Det skal bygges en støttemur langs Erling Kjeldsens, og trafikken i Giæverbukta kan bli påvirket av anleggsarbeidet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom