Eviny

1,3 milliardar kroner i utbytte frå Eviny

Del

Resultatet for Eviny i 2023 vart 3,8 milliardar kroner, som er 2,4 milliardar høgare enn i 2022. Styret i Eviny innstiller på 1,3 milliardar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.

Bilde av barn i raude drakter som spring på ei fotballbane.
Støtte til positive tiltak i lokalmiljøa er ein del av samfunnsoppdraget til Eviny. Barna i Gaular IL er mellom dei 6000 som i år har fått nye drakter frå Eviny. Foto: Eviny / Nils Ole Refvik.

Innstillinga frå styret skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Samla sett bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2023 i form av skattar, avgifter og avsett utbytte til eigarane.

–  Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Meir fornybar energi og auka kapasitet i straumnettet er avgjerande for å sikra lokale arbeidsplassar på Vestlandet. Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.

– Viktig bidrag til kommuneøkonomien

Sunnfjord kommune er ein av eigarane og vil få nesten 30 millionar kroner i utbytte.

–  Dette er eit viktig bidrag til økonomien i Sunnfjord kommune, slik at vi kan oppretthalda eit godt velferdstilbod til innbyggjarane våre. For oss som eigarar er det viktig at Eviny investerer for å løysa behovet samfunnet har for meir fornybar energi og betre nettkapasitet, samtidig som dei opprettheld eit høgt utbyttenivå som vi kan bruka til å utvikla våre lokalsamfunn, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune.

Vil investera over 40 milliardar kroner på ti år

Eviny har nyleg lansert ein ny konsernstrategi, som markerer eit taktskifte i jakta på meir fornybar energi. Dei neste ti åra skal Eviny investera om lag like store verdiar som er bygd opp over 100 år. Ambisjonen er å investera i overkant av 40 milliardar kroner i ny fornybar energi, straumnett og tiltak for energiomstilling/elektrifisering. Noko av dette kan skje i samarbeid med andre.

– Investeringane i fornybar energi i Noreg er på det lågaste sidan 2010 og har falle med nesten 40 prosent sidan 2018. Vi står overfor eit avgjerande tiår for å omstilla energisystemet vårt og unngå ei norsk kraftkrise, seier Fresvik.

80 000 drakter til barn og unge

Samfunnsoppdraget til Eviny handlar også om å støtta positive tiltak i lokalmiljøa. Eit døme er 6000 barn og unge på Vestlandet som har fått nye drakter frå Eviny i år. Til saman har Eviny delt ut nærmare 80 000 drakter.

– Det er viktig for oss å gi tilbake til lokalsamfunna vi er ein del av. Idrettslaga gjer ein fantastisk innsats, og vi er stolte over å støtta dette arbeidet med utdeling av gratis draktsett, seier Fresvik.

Lågare kraftprisar

Hovudårsaka til den store veksten i resultatet frå 2022 til 2023 er redusert grunnrenteskatt som følgje av lågare kraftprisar i 2023, i tillegg til positive verdiendringar på finansielle kontraktar.

Underliggande resultat, som er justert for verdiendringar på sikringskontraktar og vesentlege eingongseffektar, vart 2,0 milliardar kroner for 2023. Det er 0,9 milliardar lågare enn i 2022. Hovudårsaka er fall i kraftprisane. Områdeprisen i Vest-Norge (NO5) var 67 euro/MWh i 2023 mot 192 euro/MWh året før.

Eviny produserte 6,9 TWh vasskraft i 2023, som er 0,8 TWh mindre enn i 2022. Faktisk produksjon i 2023 var nok til å dekkja det årlege straumforbruket i om lag 430 000 bustadar.

Les årsrapporten for 2023

UTBYTTE FORDELT PÅ KVAR EIGAR - 2023

Eigar (eigardel i parentes)

Aksjar

Utbytte i kr

Statkraft Industrial Holding AS (43,44 %)

64 160

567 816 000

Bergen kommune (37,75 %)

55 765

493 520 250

Alver kommune (3,45 %)

5 099

45 126 150

Øygarden kommune (3,43 %)

5 062

44 798 700

Askøy kommune (2,48 %)

3 666

32 444 100

Sunnfjord kommune (2,27 %)

3 358

29 718 300

Tysnes Kraftlag AS (1,70 %)

2 511

22 222 350

Kvinnherad kommune (0,91 %)

1 341

11 867 850

Kvam herad (0,90 %)

1 329

11 761 650

Voss herad (0,67 %)

993

8 788 050

Fjaler kommune (0,61 %)

895

7 920 750

Austrheim kommune (0,43 %)

640

5 664 000

Hyllestad kommune (0,38 %)

565

5 000 250

Vaksdal kommune (0,37 %)

549

4 858 650

Etne Elektrisitetslag AS (0,35 %)

517

4 575 450

Gulen kommune (0,27 %)

401

3 548 850

Solund kommune (0,24 %)

358

3 168 300

Høyanger kommune (0,12 %)

172

1 522 200

Fedje kommune (0,12 %)

171

1 513 350

Masfjorden kommune (0,10 %)

153

1 354 050

100 %

147 705

1 307 189 250

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bilde av barn i raude drakter som spring på ei fotballbane.
Støtte til positive tiltak i lokalmiljøa er ein del av samfunnsoppdraget til Eviny. Barna i Gaular IL er mellom dei 6000 som i år har fått nye drakter frå Eviny. Foto: Eviny / Nils Ole Refvik.
Last ned bilde

Dokumenter

Følg pressemeldinger fra Eviny

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eviny

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye